Engasjerande halvårsmøte i regionalt partnarskap

Engasjerande halvårsmøte i regionalt partnarskap

Tysdag 25. august gjennomførte vi halvårsmøte i regionalt partnarskap for entreprenørskap og vekst. Dette blei ei engasjerande samling der ein diskuterte status og utfordringar i ulike næringar i regionen. MAFOSS, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, samt NHO Møre og Romsdal deltok for å dele sine betraktningar,  etterfølgt av ein workshop der vi adresserte regionalt partnarskap si rolle i dei utfordringane næringslivet i regionen står føre. Mange gode innspel blei løfta og har blitt jobba vidare med utover hausten.