MAFOSS styrkar samarbeidet med ÅKP

MAFOSS styrkar samarbeidet med ÅKP

Maritim foreining for søre Sunnmøre (MAFOSS) vart etablert i 1969 som Verkstadforeininga for sikre godt samarbeid mellom bedriftene og for å sikre utdanning av fagfolk som kunne byggje skip. Mafoss vart i 2020 formelt etablert som eit prosjekt i ÅKP, men vil framleis ha eit eige styre og kontroll på eigen økonomi.

Foreininga representerer bedrifter frå heile den maritime verdikjeda, og har rundt 40 aktive medlemsbedrifter.

MAFOSS er i dag organisert med fleire arbeidsgrupper, der medlemsbedriftene sender sine fagfolk. Utvala femner desse faga: Opplæring, Personal, Logistikk og produksjon, Helse, miljø og sikkerheit (HMS) og Forsking og utvikling (FoU).

MAFOSS jobbar dagleg for sikring av kompetanse, for betring av samferdselstilbod via veg, luft og sjø, samt for å sikre gode vilkår og rammebetingelsar for ei næring som er svært viktig for regionen og AS Norge. Det siste året har ein jobba særskilt med politisk påverknad og påtrykk i samband med utfordringane ein har fått grunna korona og konsekvensar for industrien vi representerer. Her har ein jobba tett med mellom anna Norsk Industri/ SEA Europe og andre aktørar for mellom anna å sikre trygge korridorar for innleigd arbeidskraft.

I dag består administrasjonen av dagleg leiar Jan Thormodsæter (DL) og prosjektleiar Ann Cesilie Skundberg.