Nyskapingsdagar for reiselivet vart ein suksess

Nyskapingsdagar for reiselivet vart ein suksess

I oktober gjennomførte ÅKP på vegne av Regionalt Partnarskap for entreprenørskap og vekst,  saman med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, nyskapingsdagen for reiselivet i henholdsvis Fosnavåg, Stranda og Ålesund. Over 60 reiselivsaktørar frå regionen deltok på dei tre arrangementa til saman. Temaet var ideskaping og nye moglegheiter for reiselivet. I ÅKP Idèlab, ein kreativt styrt prosess, blei mange gode idear og refleksjonar, samt innspel til nye prosjekt delt.

Nyskapingsdagen for reiselivet kom til basert på eit behov for omstilling for reiselivsaktørane i regionen. Deltakarane gav tilbakemelding om at det å møtast både for å drøfte felles utfordringar, og moglege nye samarbeidsprosjekt var nyttig og relevant.