Skaparhuset

MAFOSS har vore med på etableringa av Skaparhuset der Jan Thormodsæter er styreleiar. Skaparhuset er eit svært viktig prosjekt som skal kunne nyttast av engasjerte personar frå heile regionen. Her samlast verkemiddelapparatet, skule og arbeidsliv til eit kreativt, utfordrande og spanande fellesskap. Skaparhuset held til i sentrum av Ulsteinvik og er arena for innovasjonsarbeid, undervisning, seminar og gründerverksemd.