Suksess med integrering av flyktningar

MAFOSS sine medlemsbedrifter tek samfunnsansvar, og arbeidet med skulering til fagbrev for busette og kvalifiserte flyktningar er eit godt døme på dette. I samarbeid med IMDI (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet), NAV, Møre og Romsdal Fylkeskommune og kommunane på søre Sunnmøre har MAFOSS tilsett ein prosjektleiar på deltid fram til sommaren 2022 for å følgje opp ein klasse på femten personar som kombinerer praksis i bedriftene med skulegang på TIP-linja på Herøy VGS.

Vekkjer nasjonal interesse
Responsen er svært god, og tiltaket er av nasjonal interesse, også for andre fagretningar enn industriarbeidarfaga.