Vekstprogram for reiselivet

Vekstprogram for reiselivet

Ei prosjektgruppe innan regionalt partnarskap for entreprenørskap og vekst, har i haust kartlagt kva kompetanse som skal til for å skape fleire gode reiselivsverksemder i regionen. Dette har resultert i eit samlingsbasert vekstprogram for etablerte reiselivsaktørar, der berekraftig forretningsutvikling og lønsam heilårsdrift er eit overordna mål. I tillegg viste våren og korona-utbruddet også kor akutt viktig det er for reiselivsnæringa å kunne snu seg raskt og sjå nye marknadsmulegheiter for å overleve. Møre og Romsdal Fylkeskommune, samt Ålesund kommune har bidratt med finansiering programmet. Første kull beståande av reiselivsaktørar frå fem kommunar i regionen gjennomførte programmet hausten 2020, andre kull startar i januar 2021.